Er du den nye songaren vår?

Likar du å syngje? Vil du lære meir om folkemusikk, eller har du berre lyst til å syngje i kor?

Songlaget i BUL søkjer no etter nye songarar.

Det er gratis å prøvesyngje og heile høsten er gratis for våre nye songarar.

Det er ikkje ein føresetnad at du les notar, men det er sjølvklart ein fordel.

Skriv litt om deg sjølv i ein e-post til songlaget@gmail.com, så tar vi kontakt for å avtale prøvesynging. Vi øver kvar torsdag frå 19.00–21.30 samt at vi har eit helgeseminar ein gong i semesteret.

I haust ventar både små og store arrangement, og vi håper du blir med oss!

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Følg oss på sosiale media