Om oss

Foto: Jon Skille Amundsen

Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med for tida 40 songarar i alderen 20 – 70 år. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, som vart stifta i 1914, og feira i 2014 100 år som eit aktivt amatørkor i Oslo.

Koret er kjent for sitt gode sosiale miljø med songglade kvinner og menn. Ei spennande samling av folk med alle slags bakgrunnar og opphavsstader. Vi møtest til song kvar torsdag frå kl. 19.00 – 21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Ei av dei viktigaste målsetjingane våre er å ta vare på norske song- og musikktradisjonar, og repertoaret legg vekt på både norske og utanlandske folketonar og klassiske verk.

Nytt styre i Songlaget

101-åring

Musikalske minne frå 100-års jubileumkonsert

Songlaget med i «Smæsj»

I himmelen

Omtaler

Medlemmer

Styre og nemd

Følg oss på sosiale media