Foto: Halvor S. Hjelde

Liv Ulvik

Den 1. januar 2017 vart Liv Ulvik fast tilsett som dirigent i Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo, etter eit halvt år som vikar hjå oss. Ho er utdanna kvedar på Noregs Musikkhøgskule, og er ein aktiv musikar med stadige oppdrag i heile landet.

Ho er kanskje mest kjend som ein av tre songarar i Eplemøya songlag, men ho har også sunge i lag med fleire kjende grupper, som Oslo kammerkor. Hausten 2017 gjev ho ut soloplata «Inn Vade» med eigenskrivne tekstar.
Med sin inngåande kjennskap til folkemusikk og ein særleg teft for å finna fram vakre melodiar passar Liv svært godt som dirigent og musikalsk leiar for Songlaget, og me ser fram til mange fine songar, øvingar og til slutt konsertar saman med Liv!

 

Ola H. Havrevoll

Inn Vade
Tekst og musikk: Liv Ulvik
Eplemøya Songlag
Liv Ulvik Wenche Losnegård Anja Eline Skybakmoen Eplemøya Songlag vart danna i 2006 og har sidan då notert seg kraftig med sin unike a cappella-musikk i grenselandet mellom jazzsong og kveding. Med sin særegne miks av norsk folkemusikk, dramatikk, vågal stemmebruk, humor og bisarre forteljingar song dei seg inn i mangt eit hjarte med debutalbumet "Eplemøya Songlag" i 2010 . Albumet mottok utelukkande gode kritikkar og svært positive anmeldere kasta om seg med utsegn som "…ein øm svir av ein songskatt, produsert og arrangert med originalitet og kjærleik", og "…passar eigenleg inn under den beste og største sjangeren: Musikk, god musikk" Les meir

Følg oss på sosiale media