Om oss

Foto: Audun Åby

Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med for tida omlag 35 songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, som vart stifta i 1914, og feira i 2014 100 år som eit aktivt amatørkor i Oslo.

Koret er kjent for sitt gode sosiale miljø med songglade kvinner og menn. Ei spennande samling av folk med alle slags bakgrunnar og opphavsstader. Vi møtest til song kvar torsdag frå kl. 19.00–21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Ei av dei viktigaste målsetjingane våre er å ta vare på norske song- og musikktradisjonar. Repertoaret kan også vera utanlandske folketonar og klassiske verk.

Vil du synge saman med oss, er du hjarteleg velkomen til å høyre på oss ein øvingskveld. Prøvesang kan avtalast med styret: songlaget@gmail.com

Nytt styre i Songlaget 2018

Mari Tveito

Liv Ulvik

Er du den nye songaren vår?

Nytt styre i Songlaget 2016

Repertoar

Medlemmer

Styre og nemnd

Tidlegare dirigentar i Songlaget

Følg oss på sosiale media